Vegen hit. 

Helsefagarbeidaren som vart yrkesfiskar og foredragshaldar. 

Hei, jeg heter Alice.

Vegen min hit har ikkje vore rett fram.
 Eg har gått store delar av livet med mobbing, kjensla av å ikkje vera god nok, og kampar med depresjon og fortviling. ADHD-diagnosen kom først i vaksen alder, og lenge bar eg på ei kjensle av å vera annleis. Passa aldri heilt inn, snakka alltid litt for høgt og litt for mykje, alltid vore litt for mykje.

I dag, som 37-åring, står eg på ein heilt annan stad. Tryggare på meg sjølv, fordi eg veit kva eg har stått i. Eg har reist meg opp att gong på gong. Og det er den røynsla eg tek med meg opp på scena.

I 2015 tok eg ein total heilomvending. Frå nyleg autorisert helsefagarbeidar til fiskar. Null erfaring, og eigentleg starta det som ein spøk hausten 2014. Første fisketuren vart å reisa sjøvegen frå Stavanger til Lofoten, med eigen sjark.

Men som det vert sagt:

"Dette har eg ikkje gjort før, så det klarar eg heilt sikkert!"                                            Foto: Solfrid Sande




I fiskerinæringa vart eg raskt klar over kor stor innverknad politiske slutningar har direkte inn i styrhuset på sjarken. Eg var snar med å engasjere meg i organisasjonar for fiskarar.  Og særskild gjennom Norges Kystfiskarlag, kor eg har vore ein del av landsstyret sidan 2020, og vart på landsmøtet i 2024 vald inn som første kvinnelege nestleiar.




 
foto: Runa Andersen   

Då eg vart mamma, opplevde eg kor sterkt kropp og sinn kan endra seg. Det vart starten på ei reise med sjølvutvikling og læring, som framleis pågår. Ei læring om hjernen, hormona og ADHD hjå kvinner.

Gjennom åra i næringa vart eg skremmande medviten om dei store kjønnsskilnadene og haldningane som finst.
  I 2021 stifta eg Hun Fisker. Vi kvinner i fiskeri treng samhald, nettverk og nokon som seier ifrå.



Ein må gjer jobben sjøl, men ingen klarar det aleina!


Gjennom eit heilt liv med "flink pike"-syndrom, med å bli gjort mindre frå å vera den autentiske meg, har eg eit gjennomgåande og djupt behov for å seia ifrå. Vegen hit har mildt sagt vore rotete, med bratte læringskurver, mykje refleksjon og ein god del motgang. Vegen hit har gjeve meg audmjukskap og engasjement ved å gjera meg sårbar og ved å audmjuka meg. Han har òg gjeve meg gode menneske som har pusha og støtta meg. Og det er gjennom desse menneska eg høgt kan seia:


No har eg endeleg funnet mi stemma. 


Eg har lyst å gje deg som les dette, det pushet og den tyngda du treng, for at du òg kan seia høgt DIN draum og DITT ønske. 

"Målet mitt er at DU skal bli trygg nok i deg sjølv, at du tør å setja ned foten og ropa ut EG E FETTE RÅ!!!" 

                                                              Sjarken min KURTI på veg inn til heimehavna etter vinterfiske i Finnmark.