
ALICE ROSETH HELLEBERG
Frå dekk til scene – fiskar, styreleiar og føredragshaldar
I ei næring der knapt 5 % er kvinner, tok eg det første steget ut på havet i 2015, utan erfaring, men med begge beina i støvlane. Ti år seinare står eg på scener over heile landet og utfordrar fordommar om kjønn, leiing og kven som høyrer heime kvar.
Bodskapen min er enkel: Kvinner har styrkar verda treng, og vi vert sterkare når vi vågar å ta plassen vår og lyfta kvarandre dit.
Engasjementet mitt
Som sentralstyremedlem i Norges Kystfiskarlag sidan 2018 har eg fått høvet og rommet til å kjempa for kvinners rettar i mannsdominerte yrke, og sett tema som tilhøyrsle, respekt, familie og likeverd på dagsordenen.
I 2021 stifta eg HUN FISKER saman med ein gjeng fantastiske kvinner.
I dag si eg som fyrste kvinnelege nestleiar i Norges Kystfiskarlag.
Eg har vore med i NRK Debatten og i paneldebattar under Arendalsveka, der eg har lyfta diskusjonar om kjønnsroller og forventningane samfunnet stiller, alltid med eit mål om å gjera arbeidslivet meir ope og meir inkluderande.
Foto: Solfrid Sande
Eg utfordrar gjeldande fordommar.
Som her under årsmøtet til Råfisklaget,
framfor 200 avgjerdstakarar i ei næring som omset for 15,9 milliardar, med fire månader gamal baby på magen.
Ikkje for å sjokkera, men fordi det er kvardagen.

Foto: Lisbeth Nicolaisen Drotz, Norges Råfisklag